Kule grå vaskbare munnbind med Ekstremsportveko logo i kvit
Produktskildring
Ikkje-medisinske munnbind for gjenbruk. Kan vaskast i vaskemaskin på 60 grader. Kan vaskast og brukast om igjen opptil 10 gonger. Munnbinda er kun meint til privat bruk.
KORLEIS TA PÅ MUNNBIND:
1) Reingjer hendene med vatn og såpe eller handdesinfeksjon før du tar på munnbindet.
2) Plasser munnbindet over munn og nase.
3) Fest ein strikk rundt kvart øyra.
4) Juster munnbindet slik at det dekkjer munn og nase heilt.
5) Reingjer hendene på nytt.
KORLEIS TA AV MUNNBIND:
1) Reingjer hendene med vatn og såpe eller handdesinfeksjon før du tar av munnbindet.
2) Unngå å ta på munnbindet. Ta berre på øyrestrikkene.
3) Ta tak i begge øyrestrikkene og fjern munnbindet forsiktig frå ansiktet.
4) Reingjer hendene på nytt.