Veko Store
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Personvern

Stiftinga Ekstreme Voss er behandlingsansvarleg for personopplysningane, og vil alltid følgja dei lover og reglar som gjeld til ein kvar tid. Me er opptatt av å verna dine personlege opplysningar på ein trygg måte. Me vil aldri selja, vidareformidla eller bytta personopplysningar til tredjepartsaktørar med mindre det er nødvendig for å kunna levera tenestene våre til deg. Her fortel me kva personopplysningar me tek vare på, kvifor me treng dei, og korleis me brukar dei.
 

Cookies

Bruk av cookies er regulert i Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova), § 2-7b – Bruk av informasjonskapslar/cookies. Ein cookie eller informasjonskapsel er ei lita tekstfil som vert lagra på datamaskina di, mobilen etter nettbrettet når du besøker ei nettside. Me brukar informasjonskapslar for å få kunnskap om behova til besøkande, slik at me kan optimalisera og tilpassa nettsida vår, og tilby best mogleg service og brukaroppleving. Når du besøker store.ekstremsportveko.com samtykker du samtidig til at me kan nytta informasjonskapslar. Dersom du ikkje vil lagra informasjonskapslar, kan du avslå samtykket ved å endra innstillingane på nettlesaren din. Dersom du gjer dette, kan du oppleva at visse funksjonar på nettsidene våre ikkje fungerer slik dei skal.

Informasjonskapslane inneheld ingen sensitive data.
 

Me brukar ulike typar informasjonskapslar:

Nødvendige informasjonskapslar
Dette er informasjonskapslar som er nødvendige for at du skal kunna bruka nettsida vår og navigera deg rundt her. Til dømes når du legg til produkt i handlekorga, brukar me ein informasjonskapsel for å hugsa kva produkt du har lagt til.

Google Analytics
Ei webanalyseteneste frå Google. Vert brukt for å registrera og analysera bruken av nettsidene våre. Informasjonen brukar me til å optimalisera nettsidene våre, slik at me kan gje deg ei betre brukaroppleving. Denne informasjonen kan Google overføra til tredjepartar dersom det er krav ihht. lov eller dersom tredjepartar skal behandla informasjonen på vegne av Google. Dersom du ikkje ynskjer at Stiftinga Ekstreme Voss skal samla inn anonyme data frå deg, kan du melda deg av denne innsamlinga på Google Analytics; https://tools.google.com/dlpage/gaoptout. Du kan også gjera det ved å endra sikkerheitsinnstillingane på datamaskina di.

Google Tag Manager
Denne nettstaden brukar informasjonskapslar til styring og implementering av script. Google Tag Manager er ei teneste som let oss organisere script enkelt på våre nettsider. For eksempel handsamar dei Google Analytics script gjennom Google Tag Manager.

Google Remarketing/Doubleclick
Vert brukt for å visa deg relevante annonser basert på besøket ditt på nettsidene våre. Her kan du lesa meir om korleis Google annonser fungerer, og korleis du fjernar personleg tilpassing av annonser dersom du ynskjer det: http://www.google.com/settings/ads

Adwords script
Vert brukt for å analysera annonsane våre, for å spora konvertering og visa deg relevante annonsar.

App nexus pixel
Dette er ein tredjeparts-cookie fra annonseringssystemet AppNexus. Denne sporinga vert brukt for å visa deg relevante annonser på nettaviser og andre digitale kanalar, og til analyse/konverteringssporing og remarketing.

Facebook pixel
Denne funksjonen gjer det mogleg å visa deg annonser basert på interesse på Facebook og/eller andre nettstader som òg brukar dette verktøyet. Me brukar den også til å analysera og spora konvertering frå Facebookannonser.

Klarna
Vert brukt for å betale i nettbutikken og dermed vil personlig informasjon som e-post, namn, adressa, personnummer deles med Klarna for kreditt.

Mystore Datakasse
Me nytjar Mystore Datakasse som kassaløysning i vår butikk. Informasjon relatert til di ordre lagres i Mystore Datakasse.


Kva opplysningar samlar me inn og kvifor?

Nettbutikk
Nettbutikken lagrar all brukardata relatert til ein ordre. Når du bestiller på store.ekstremsportveko.com treng me følgande opplysningar:

- Namn
- Adresse
- Telefonnummer
- E-postadresse
- Betalingsinformasjon
- Bestillingsinformasjon

Desse opplysningane blir også lagt inn i ERP-systemet vårt, Visma Business, og er nødvendige for at me kan fullføra vår del av avtalen med deg. Avtalen trer i kraft når du har sendt bestillinga di til oss, og kjøpet ditt er regulert av avtalelova, forbrukarkjøpslova, marknadsføringslova, angrerettlova og e-handelslova.

Personopplysningane vert også brukt i fraktløysinga og betalingsløysinga vår. Dette er nødvendig for at me skal kunna senda pakkar til deg og for at me skal kunna ta i mot betalinga di. Desse tredjepartsleverandørane brukar ikkje desse opplysningane anna enn til å utføra tenestene for oss.

Kontaktskjema
Dersom du tek kontakt med oss via kontaktskjemaet treng me følgande opplysningar:

- Namn
- E-postadresse
- Telefon

Desse opplysningane treng me for å kunna ta kontakt med deg tilbake. Førespurnaden din blir lagra i CMS-systemet vårt og blir vidaresendt på e-post til kundesenteret, som vil behandla førespurnaden din. Dersom du ynskjer innsyn eller å få sletta din førespurnad, kan du ta kontakt med oss på kjetil@ekstremsportveko.com

Nyheitsbrev
Å motta nyheitsbrev er heilt frivillig. Dersom du har gitt oss samtykke, samlar me inn følgande:

- Namn
- E-postadresse

Samtykket kan gis på følgande måte på store.ekstremsportveko.com:

1. Du hakar på for å motta nyheitsbrev ved utsjekk i samband med kjøp.
2. Du fyller ut skjema for å motta nyheitsbrev nedst på nettsida.
3. Du fyller ut skjema for å motta nyheitsbrev via Facebooksida

Me brukar MailChimp som verktøy for utsending av nyheitsbrev, og her vert navn og epost lagra slik at me kan senda epost til deg. Du kan kortid som helst trekka tilbake samykket ved å melda deg av nyheitsbrevet via linken nedst i nyheitsbreva du mottar. Du kan også ta kontakt med oss og be om å bli fjerna.


Dine rettar

Det er heilt frivillig å gje frå seg personopplysnigar til oss. Me oppbevarer personopplysningane dine på ein forsvarleg måte og til ein kvar tid i samsvar med gjeldande lovgiving. Du kan krevja innsyn i dine opplysningar, formålet med dei kor dei er henta frå. Send oss i så fall ein førespurnad på kjetil@ekstremsportveko.com

Dersom du meiner at dei personopplysningane me behandlar er feil eller er blitt behahandla i strid med gjeldande lov, har du rett til å be om at opplysningane blir retta opp eller fjerna. Dette gjer du ved å kontakta oss på kjetil@ekstremsportveko.com Du kan også klaga til Datatilsynet – meir informasjon finn du på www.datatilsynet.no.
.
.

.

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke