Veko Store
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Om oss

BASE ESV logo text info


.
Få arrangement trekkjer så mange folk åt Voss som Ekstremsportveko. Me har over 20 år med historier om våghalsar, elleville stunt og eksotisk mat med naturen som ramme rundt det heile. Folk strøymer til bakkane og bøane rundt bygda, til butikkane, til utestadene, til hyttene – dei kjem med buss, bil og tog frå utland og innland til ei av dei finaste bygdene på Vestlandet og til den sprekaste festivalen i heile Noreg!

Ekstremsportveko er stolte av å vera ambassadør for eit levande kultur-, sport- og folkeliv på Vestlandet.

Me er i tillegg miljøfyrtårn-sertifisert. Det betyr at vår verksemd tek berekraft på alvor og har oppfylt strenge krav åt: arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk.
 
Vår miljøstrategi er å åt ein kvar tid kartlegge moglegheiter for å gjere tiltak for å kunne drive på ein mest mogleg miljøvenleg måte. Dette til glede for våre gjester, tilsette, lokalsamfunnet og ikkje minst dei fantastiske omgjevnadene festivalen er lokalisert i.
 
Ved å velje ei miljøfyrtårn-sertifisert verksemd, bidreg du til ei meir berekraftig framtid.
 

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke